Heim-3

Forlaget bømlobok.no har gjennom 12 år gitt utforming til nær 20 bøker. Nokre av dei har me fotografert og skrive tekst til sjølv, eller laga i samarbeid med andre.Dei fleste bøkene har me utforma i oppdrag for andre forlag eller forfattarar.

Har du bokplanar? Spør oss om eit samarbeid!

4200 ord, 600 uttrykk og faste vendingar, samt eit par hunde ordtak og hermer har blitt bømlamålet mellom to permar. Mange av orda vil du sikkert kjenne igjen - mens andre treff du for første gong. Enten du skunda deg på butikken, skal fortella kva du syns om naboen eller gi konemor eit kompliment - så har bømlamålet orda du treng.

 

I boka finn du meir enn 50 forslag til enkle kajakkturar i farvatnet rundt Bømlo. Med tekst og bilde ynskjer eg å visa litt av dei fine opplevingane du kan få i kajakk-eldoradoet vårt. Kartutsnitta i turforslaga viser kor du kan starta ut, lendinga, og ruta eg har padla. Bruk gjerne mine ruteforslag som gangspunkt, men planlegg og padla dine eigne turar, og nyt dine  eigne opplevingar.

Dette er ei smaks- og stemningsbok frå Bømlo. Gjennom kameraauga har me fanga små glimt av livet på øya, naturen, landskapet, havet og vêret – og litt av maten som blir lagd av dei flotte råvarene øya har å by på.

 

Bømlo er mild og barsk, frodig og karrig på same tid. Frå storhavet i vest, gjennom lune vikar og sund, til skogen og bakkane i aust, er det store variasjonar i naturen. Vêret og lyset skiftar, og årstidene går sin gong. Staden du var på i går, ser annleis ut når du kjem dit neste gong.