Heim

Ny bok! 

Heima på Bømlo

– stemningar frå øyno ‒


Ei bok om lyset, himmelen og havet. Om knausar og granitt. Om fisken, båten og naustet. Om jord, grøde og sauer. Om lukta, smaken, vêret og kvardagen.


Les meir og sjå utdrag


Bømlo rundt i kajakk


Boka er for deg som likar dagsturar i variert farvatn, og som vil utforska meir av det skjergarden rundt Bømlo har å by på av spennande utfordringar og opplevingar. 


Dette er andre utgåva av Bømlo rundt i kajakk. Den første kom i
2014, og er utseld.


Les meir og sjå utdrag


Bømlamålet

- meir enn rongepådl

4200 ord, 600 uttrykk og faste vendingar, samt eit par hunde ordtak og hermer har blitt bømlamålet mellom to permar.


Enten du skunda deg på butikken, skal fortella kva du syns om naboen eller gi konemor eit kompliment - så har bømlamålet orda du treng.


Les meir om boka

 

Om forlaget

Forlaget bømlobok.no har gjennom 17 år gitt utforming til nær 40 bøker og hefte. Nokre av dei har me fotografert og skrive tekst til sjølv, eller laga i samarbeid med andre. Dei fleste bøkene har me utforma i oppdrag for andre forlag eller forfattarar.


Har du bokplanar? Spør oss om eit samarbeid!