
Bømlo rundt i kajakk viser litt av det fantastiske padleriket du finn rundt Bømlo. Med øya si lange kyststripe og utal av vikar og sund, skal du padla lenge før du har sett alt Bømlo har å by på. Me er heldige som har ein slik utruleg flott og variert skjergard ”rett utanfor stovedøra”!
Boka presenterer 50 padleruter for dagsturar innaskjers og i meir krevjande farvatn i havkanten.
Innhaldet i boka er berekna for ferske padlarar, men erfarne kajakkentusiastar vil kanskje også finna nye padlemål og stader å setja ut ifrå.
Tar du tryggleik på alvor, og planlegg turane dine godt, kan du sjå fram til fantastiske opplevingar i øyriket rundt Bømlo.
Dette er andre utgåva av Bømlo rundt i kajakk. Den første kom i 2014, og er utseld. Nye padleruter er komne til, og andre er plukka vekk, alt etter kva
eg sjølv har brukt mest når eg har vore ute på tur dei siste åra. Nye bilde er komne til, ikkje minst dronebilde, som gir flotte inntrykk av landskapet du skal padla i.
God tur!
ADRESSE
Organisasjonsnr 998 543 509
KONTAKTOPPLYSNINGER