Om oss

Produksjon

2019

EN DRØM BLIR TIL


Privat

Forfattar: Arne Johan Lid



...En drøm som ble til en båt. Et eventyr under skinnende sol.

Har du bokplanar, ta gjerne kontakt med oss.

Bømlobok.no AS

Organisasjonsnr 998 543 509

Adresse: Sollia 54,

5420 Rubbestadneset

www.bomlobok.no

post@bomlobok.no


Forlaget bømlobok.no er lokalisert på Bømlo, og utformar og gir ut eigne bøker og bøker for andre.


Bømlobok.no vart etablert i 2009 og er eigd av Berit Bø Bakke og Finn Bakke.



2018

TEATEREVENTYRET PÅ BØMLO


Forlag: bømlobok.no

Forfattar: Kristine Sele


Bestilling: www.bomlobok.no


«Teatereventyret på Bømlo» - ei bok om visjonar, pågangsmot, dugnadsånd og store tankar. Det vesle teaterlaget frå 1973 har vakse og utvikla seg til livskraftige Bømlo Teater, storleverandør av store sogespel og strålande musikalar, i tillegg til andre gode teaterframsyningar i alle sjangrar


2018

ROLVSNESBÅTEN

Soga om Johs Østensen Båtbyggeri

Forlag: bømlobok.no

Forfattar: Sindre Nilsen


Bestilling: Sindre Nilsen <sindre79nilsen@gmail.com>

Denne boka er meint å vera ein hyllest til Rolvsnesbåten og dei som var med på å bygga han. Boka er ei lokalhistorisk tidsreise, der me fygjer utviklinga til båtbyggeriet og Rolvsnesbåten frå1944 til 1989

2017

Andalicia frå kjøkkenbenken


Forlag: Sturnus

Forfattar: Sigrid Bø Grønstøl


Bestilling: hg@sturnus.no

Andalucía frå kjøkkenbenken handlar om å vera ferieinnvandrar i ein liten kvit landsby i Sør-Spania. Om å utforska kultur, daglegliv og historie via det daglege brød. Om kvitløk og fattigmannspoteter, vill fennikel og mørkokt oksehale. Om å hausta oliven. Om hus med spøkelse, svartkledde koner i døra og gamle menn i appelsinlunden. Om sår i sjela og Andalucías barske historie. Om kjærleiken som fór og aldri kom. Om mandelrøyken frå bakeriet, om fiskebilen og eggedama, og om songen for jomfru Maria.

2015

MOT OG MANNSKAP

Eidesvik Offshore 1965 - 2015

Utgjevar: Eidesvik Offshore

Forfattar: Brynjar Stautland


Bestilling: Eidesvik Offshore

Dette er historien om brødrene og gründerne Lauritz og Kristian Eidesvik, deres lojale mannskaper på sjø og land og båtene som har vært kjernen i virksomheten. Rederiet har seilt i både med- og motgang. Det har vært mange tøffe tak, og som dagens hovedeiere er vi ydmyke og takknemlige overfor de som har gått foran. Det ligger en enorm innsatsvilje til grunn for det rederiet vi har i dag.

2014

BØMLO RUNDT I KAJAKK

- 50 turforslag til enkle padleturar i øyriket rundt Bømlo

Forlag: bømlobok.no

Forfattar: Finn Bakke


Bestilling: www.bomlobok.no

Bømlo rundt i kajakk viser litt av det fantastiske padleriket du finn rundt Bømlo. Med øya si lange kyststripe og utal vikar og sund, skal du padla lenge før du har sett alt Bømlo har å by på. Boka presenterer meir enn 50 padleruter for dagsturar innaskjers og i meir krevjande farvatn i havkanten. 

2014

Kvardagen og himmelriket


Forlag: Sturnus

Forfattar: Ingunn Vingen-Bjerga


Bestilling:  hg@sturnus.no

Dette er kulturhistorie og bygdehistorie i romans form, ei sterk forteljing om eit arbeidsamt og hardbale folk som hang i seint og tidleg for å halda svolten og nauda frå livet.

2013

FULLT TRYKK

- historia om vatn og avløp i Bømlo

Forlag: OvHu Holding

Forfattar: Stein Erik Ovesen


Bestilling: Bømlo Vatn- og Avløpsselskap AS

I dei fleste bygder i Bømlo vart det frå siste del av 1960-talet og tre - fire tiår frametter gjort ein formidabel innsats med å byggja og drifta private vassverk. Denne boka fortel om alle dei langt over 30 private vassverka.

2013

SAUEN PÅ DEI GRØNE ØYANE


Forlag: Sturnus

Redaksjon: Sigrid Bø Grønstøl, Hallstein GrønstølSindre Nilsen


Bestilling: hg@sturnus.no

Sauen er i landskapet heile tida. Som runde kvite prikkar strødd utover i det grøne. Sauehald er både næring og inntekt, livsstil og lidenskap, fårikål og pinnekjøt, show og underhaldning.

2013

KVIT LYD

- poetisk rekved i flomålet

Forlag: bømlobok.no

Forfattar: Aud Lodden Boine


Bestilling: www.bomlobok.no

KVIT LYD handlar om sorglaus oppvekst ved havet på Vestlandet på Bømlo mellom havskum og

tiriltunga. Me var mette på mat, me fraus ikkje og lommene vart fylte med gamal kulturarv. Hav

og berg forma språket vårt og gav oss eit livsmot som tåler stiv kuling og vatn. Boka har og inspirasjonar frå mange år i indre strøk i Finnmark, der kulde, lyset,mørkret, samisk språk, og bålet står sentralt.


2012

BØMLAMÅLET

- meir enn rångepådl

Forlag: bømlobok.no

Foto og tekst: Inge Håvard Habbestad og Finn Bakke


Bestilling: www.bomlobok.no

Dette er ei bok om talemålet på Bømlo, slik det var for rundt 50 år sidan. Her finn ein ord og uttrykk som framleis vil vera i bruk i daglegtalen til godt vaksne bømlingar, medan det for yngre generasjonar vil vera mykje framandt. Boka inneheld meir enn 4200 ord, 600 uttrykk og faste vendingar, saman med eit par hundre ordtak og hermer.

2011

JULEMINNER


Forlag: Blestforlag

Forfattar: Monica Tofte Amundsen


Bestilling: post@blestforlag.no

2010

BØMLO, - øya - havet - året - vêret


Forlag: bømlobok.no

Foto og tekst: Berit Bø Bakke - Finn Bakke


Bestilling: www.bomlobok.no

Dette er ei smaks- og stemningsbok frå Bømlo. Gjennom kameraauga har me fanga små glimt av livet på øya, naturen, landskapet, havet og vêret – og litt av maten som blir lagd av dei flotte råvarene øya har å by på.

2008

SMAK PÅ RYFYLKET


Forlag: Sturnus

Forfattar: Sigrid Bø Grønstøl - Berit Bakke


Bestilling: Utseld

Denne boka handlar om tradisjonell ryfylkemat som det framleis er aktuelt å laga, og forfattaren byr på sitt eige kjøkken. Oppskriftene er arva, lånte og lærte. Om du lurer på korleis mor krydra kjøtkakene, eller korleis ho laga den gode fiskegratengen, skal du finna oppskrift her. Samtidig får du nyare rettar frå ryfylkekjøkkenet, som laks med pesto, ostekake og fiskesuppe med kvitløk og vin

ADRESSE

KONTAKTOPPLYSNINGER