Padling i Fitjarøyane

På tur i øyane


Det er få stader langs kysten du finn så mange øyar mellom fastlandet og havet som her i Fitjarøyane. Det er sagt det er 365 av dei. I tillegg til desse kjem øyane vest for Goddo, som i denne samanhengen er same øyriket. 


Som båtfarande har du massevis av vikar og sund du kan fara innom og gjennom, "og gli inn på ein våg du ikkje viste om".


For nokre tiår sidan var øyane busette. Her var det eit levande samfunn. På få år drog alle sin veg. Kvifor gjorde dei det? Boka kan gje deg nokre av svara, men óg innsyn i livet dei levde her og tilhøva dei levde under. Kanskje var ikkje tilveret deira særleg annleis enn for dei som budde inne på "fastlandet"?

Padling i Fitjarøyane


Bla gjennom deler av boka. Kanskje er boka akkurat for deg, eller nokon du kjenner?

ADRESSE

KONTAKTOPPLYSNINGER