Heim

Forlaget bømlobok.no har gjennom 12 år gitt utforming til nær 20 bøker. Nokre av dei har me fotografert og skrive tekst til sjølv, eller laga i samarbeid med andre.Dei fleste bøkene har me utforma i oppdrag for andre forlag eller forfattarar.

Har du bokplanar? Spør oss om eit samarbeid!

Siste!

Dette er andre utgåva av Bømlo rundt i kajakk. Den første kom i
2014, og er utseld.  Boka er meint for dei som likar dagsturar i variert farvatn. Boka er òg kjekk for dei som leitar etter nye plassar å starta ein padletur,  som kanskje alltid padlar ut frå den same plassen, og som no vil utforska meir av det skjergarden rundt Bømlo har å by av spennande utfordringar og opplevingar.


Nye padleruter er komne til, og andre er plukka vekk, alt etter kva
eg sjølv har brukt mest når eg har vore ute på tur dei siste åra. Nye bilde er komne til, ikkje minst dronebilde, som gir flotte inntrykk av landskapet du skal padla i.


Me er heldige som har ein slik utruleg flott og variert skjergard
”rett utanfor stovedørene våre”. Her kan du velja mellom lune,
rolege område eller meir utfordrande strekningar. Storhavet ligg
rett utanfor og er både lokkande og skremande. Ein dag kan det
vera flatt og fint, neste dag kan alt stå i kok. Du merkar snart at du er sårbar i ein liten farkost som kajakk og har lite å stilla opp med mot naturkreftene.


Respekten for hav og vêr skal du alltid ha med deg på tur i kajakken.

Håpar du får mange fine turar mellom øyar, holmar og skjer rundt Bømlo.


God tur!

Denne boka er framleis til sals hos oss på nett.