Frå turane våre

Frå nokre av turane våre

På Hjortejakt

 

Det er ingen hemmelighet at biletet i boka er konstruert, og ikkje henta frå ei verkeleg jakt. Ingen vil ha ein fotograf på slep på post. Knipselyden i kameraet er nok til at hjorten flyktar over alle haugar, og fotografar kan heilt sikkert ikkje halda kjeft. Dessutan skjer jakta tidleg om morgonen eller seint på kvelden, og då manglar fotografen lys for å få tatt bilde.

 

Det er fasinerande å høyra når hjortejegeren fortel frå jakta. Førebuingane er grundige og omfattande. Den fysiske formen må vera bra, i tillegg til skyteferdigheitane. Øving og trening må til. Hjorten er eit ekstremt vart og vake dyr.Me vanlege ser skjeldan ein hjort i skogen. Han har sett oss, og stikk av, lenge før me ser han. Difor er det ei stor utfordring for jegaren å overlista dyret med ta seg inn i skogen og koma i posisjon, utan at hjorten får teften av ein. Vindretning er avgjerande. I skyminga flyttar dyret seg mot beitet, etter å ha tilbrakt natta i skogen. Då er jegaren klar, og på kort varsel må han velja bytet sitt ut frå jaktkvote og dyra i siktelinja. Og skotet fell ikkje før han er heilt sikker på at det vil sitja perfekt. Skadeskyting er det verste. Det viktigaste er at dyret ikkje lir, deretter er det lite kjekt å mobilisera jaktvener og sporlag for å leita opp og avliva skada dyr. Respekten for bytet er stor.

 

Når skotet går og bukken fell, startar ein krevande jobb. Ofte er ein langt til skogs og utan tilkomst med kjøretøy. Det er viktig at kjøtet er minst mulig øydelagt. For at skrotten skal bli lettast mulig blir innvollane fjerna på staden. Buken blir opna med eit lite snitt, innhald i endetarmen blir pressa innover før tarmen blir kappa og sikra mot at noko kjem ut i bukhola. Innmaten heng fast langs ryggraden. Det må vera eit kunststykke å finna fram inne i buken og løysa det som skal ut, med berre ein neve og ein kvass kniv. Når alt er ute, blir gjerne buken sydd igjen, for å hindra at heimtransporten over lyng og myr ikkje skjemmer kjøtet.

 

Vel heime skal skrotten hengjast til modning i fleire dagar, i 40 graddøgn, heiter det.(5 døgn om temperaturen er 8 grader). Seinare skal dyret delast opp etter avtalar mellom jaktlag og grunneigar.

 

Jakt og matauk heng saman. Kunnskap og haldningar må overførast til komande generasjonar. Difor er det naturleg for jegaren at ungane på 8-10 år står klar i tunet når far kjem heim med bytet, og er ivrig med på heile prosessen med reinsking, flåing og oppdeling av skrotten. Snart kjenner dei lunge og lever, hjarta og galle frå kvarandre, og uffar seg lite om lukta frå innvolar blir strek og synet blodig.

Først når hjortesteika blir servert på dekka bord, er jakta ferdig.

Båttur vestpå

 

Johan er ein ypparleg skipper og guide.Den kjekke båten hans fraktar oss raskt frå båtfestet inst i Straumsfjorden, ut gjennom Hallaråkersundet, Hiskosen, gjennom Holmasundet ut mot Geitung. Skoddeskyene heng over oss og landskapet er grått.

Inne i hamna på Geitung ligg eit par båtturistar, og etter kort tid veit me at dei er ættlingar frå Geitung, på land for å sjå seg om på gamle tomter og kjenna på lengten etter røtene. Geitung er kjend vidt ikring av særskilde grunnar i våre dagar. Rundt heile hamna er det fullt av merka ankringsfeste, eit tydeleg teikn på at her har fiskebåtane funne hamn i uminnelege tider.

 

Me hastar vidare ut det søre innløpet og ut i Flogsnesvågen. Ein flokk niser veltar seg i sjøen og forsvinn. Her ute finn me eit av dei få fugleberga på våre kantar. Skydekket lettar og me skimtar blå himmel. Svak dønning imot, og me sakkar litt på.

Johan er lommekjend i øyane her, og me stikk i land i ei av dei lune vikane han veit om. Blankskurte berg, store rullesteinar, lav på berga og prydeleg strandnellik. Det er ei god og fri kjensle å klyva i berga her ute i øyane. Ingen å sjå, ingen å høyra. Berre måsen og linerla.

Me løyser festet og fer vidare utover, og me har det store havet framføre oss. Frå ein liten båt ruvar dei store berga majestetisk. Enkelte heilt svarte på let, andre lyse, nesten kvite i sola som bryt gjennom skyene. I det tronge sundet mellom Skotningen og Skotningskalven kjenner me draget i sjøen, og blir minna på at me er her ute på nåde frå storhavet.

På nordsida av Skotningen krusar vinden bølgjene. Daml mot skutesida. Me set kursen mot Toska lenger inne. Rart kor lågt landet blir og kor høgt Siggjo ragar herifrå. Langt ute ligg ein liten båt. Fiskaren står i båten. Når nokon står i båten og fiskar her ute, heilt åleine, er dei då båtvande eller fåmingar?

 

På veg innover passerer me Sveina, eit par små klippar som stikk opp i havet, eit mykje brukt fiskemé før GPS-en si tid. Me sig sakte nærare. Ein flokk skarvar har sessa seg, sit som generalar, med nøyaktig lik innbyrdes avstand, og vaktar havet. Med telelinsa rekk eg akkurat å festa dei til brikka, før dei er vekke.

På land på Toska får me eit flott syn sørover til Geitung, Skotningen og utover havet. Det seiest at den siste fastbuande her flykta til lands, han heldt ikkje ut einsemda og måseskrika. Grunneigaren på Toska laga seg ei enkel lending for nokre få år sidan. I vinter gjorde havet reint, sjølv lengst inne i vågen. Berre nokre fjellboltar står att. Det blir endå klarare at her ute er me på nåde frå storhavet.

Med Simon og Arvid på østersfarmen

 

Det er alltid kjekt å vera i lag med folk som veit og kan.

 

Mange av oss kjenner til østersproduksjonen på Bømlo, og mange har i selskapssamanheng fått smaka østers. Me oppfattar østers som eksklusiv, spesiell og noko for dei fine restaurantane. Etter at det har blitt meir vanleg med shushi, har nok fleire “vanlege folk” og fått sansen for østers.

 

Eg må innrømma at eg er forsiktig med sjømat generelt. Då blir utfordringa desto større å ta når Simon plutseleg seier, denne må du smaka. På skjeret rett ved anlegget opnar han fleire av østersskjela, for å visa korleis muslingen ser ut, og demonstrerer med stor innleving korleis østersen skal nytast.

Alt i muslingen skal etast. Med kniven løyser du muskelen frå skjelet, set det til munnen og lar heile muslingen gli ned i munnen. ( Denne bevegelsen har eg sett på TV mange gonger, og det er uverkleg å stå her på skjeret og skulle etterapa den).

Det første du kjenner, seier Simon, er berre sjøsmak. (Han har heilt rett. Og sjøsmak er ikkje min favorittsmak)

No skal du tygga roleg 15 gonger. Etter kvart forsvinn sjøsmaken, og blir erstatta med ein meir søtleg smak. Det er proteinet, matreserven som muslingen har lagra. Det ligg i denne sekken her, seier han og viser i eit ope skjell.

Etterkvart forsvinn og søtsmaken, og blir erstatta av ein meir tydeleg mineralsmak (Eg veit ikkje heilt kva mineralsmak er, men). Og då får du lyst på kvitvin. (Han sa det med eit glimt i auka, og eg vart usikker på om han meinte at eg sikkert ynskte det for å skylgja alt ned, eller for ekstra nyting.)

 

Utruleg. Eg sto her på skjeret og følte med som gastronom. Eg kjende på dei ulike smakane etterkvart som Simon annonserte dei, og syns nesten det var godt. Eg vart trøsta med at du må nok venna deg til østersen, dei fleste må smaka det fleire gonger før dei syns om smakane.

- Forresten. Du må spytta ut, og ikkje svelgja ned. Me har ikkje kontrollert skjela her for farlege alger. Østers er lite mottakelege for farlege alger, men for å vera heilt sikker….

 

I øyeblikket var det ein lette å kunne spytta ut, men i ettertid hadde det vore kjekt å kunna ha gjennomført. Ein god, fyldig ettersmak følgde meg heile dagen.

Eg sakna verkeleg kvitvinen.

Copyright © All Rights Reserved: Bømlobok.no 2012