Kvit Lyd

 

KVIT LYD handlar om sorglaus oppvekst ved havet på Vestlandet, på Bømlo, mellom havskum og tiriltunga. Me var mette på mat, me fraus ikkje og lommene vart fylte med gamal kulturarv. Hav og berg forma språket vårt og gav oss eit livsmot som tåler stiv kuling og vatn. Boka har og inspirasjonar frå mange år i indre strøk i Finnmark, der kulda, lyset, mørkret, samisk språk og bålet står sentralt.

 

Boka handlar om det allmenne mennesket, men mest om kvinna:

- Den vesle jenta og leiken me treng å verna om inn i vaksen alder.

- Jenta som vert kvinne.

- Kystkvinna som levde med ank for dei som var på havet.

- Kvinner og karriere

- Den skapande kvinna som svingar sverdet.

- Kvinna som vert røynd.

- Kvinna som held varmen ved livsgrua.

- Den dansande kvinna med djemben.

- Urkvinna.

- Den gamle kvinna som kviler på livsstubben.

- Den kalibrerte kvinna ved havet som er overflyttingsklar.

 

Så lenge me har puls, har me liv. Rytmen i hjarta slår synkront med diskanten i havet. Havet pulserer i takt med den sfæriske rytmen. I nord og sør vert alt liv halde oppe av pulsen, songen og klangfargen. Rytme, song, liv og farge er ikkje råd å skilja. Or den kvite elden faldar alle fargane seg ut. I den kvite lyden er vogga, arnestaden til alle tonane.

 

 

Aud Lodden Boine (231253) vaks opp i Bømmelhamn sør på Bømlo.

 

Gjennom heile sitt vaksne liv har ho jobba i skulen; på Fitjar, i Tana, på Rolfsnes og på Rubbestadneset. Sidan 1989 har ho vore busett i Finnmark, i Karasjok. Ho jobbar framleis i skulen

Forfattaren har teke vare på ein gamal tradisjon frå vestlandskulturen, nedarva frå fedre; å samla rekved. Kunsten var å berga og nyttiggjera seg av alt som rak forbi.

 

Forfattaren har samla på hendingar frå oppvekstmiljøet på Bømlo og frå tradisjonar i kystkulturen. Skildringar frå livet i indre Finnmark, Karasjok, er og tatt med. Kystspråket har høg prioritet. Gamle ord, som står i fare for å bli attgløymde, er berga og aktivt tatt i bruk.

 

Hovedpersonen i boka er det almenne mennesket, men aller mest kvinna; kvinna ved kysten og kvinna i indre strøk, kvinna midt i livet og den aldrande kvinna.

 

I 2013 er det 100 år sidan kvinna fekk stemmerett her til lands. Boka heidrar kvinna si oppretthaldande og skapande kraft. Rekved er ei samling av plank med flis, påkar og fjøler i hard medfart. Eit øvd blikk kan sjå eit godt emne i rekved.

 

 

Bestill boka direkte frå forfattaren

 

audlboine@gmail.com

Pris Kr 320.-

Copyright © All Rights Reserved: Bømlobok.no 2012