Om Bømlo

Informasjon om Bømlo

Næring

 

 

Næringslivet på Bømlo er variert, med mange små og mellomstore verksemder og nokre få store aktørar. Gründertradisjonen står sterkt i kommunen.

På grunn av nærleiken til sjøen er det naturleg nok mykje industri knytt opp mot fiske, oppdrett og sjøfart. Her er høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfartsnæringa, stor rederiverksemd særleg knytt til offshoreindustri, og ei ekspansiv havbruksnæring. Innan reiselivsnæringa er det stor aktivitet.

Kjelde: Bømlo kommune

 

 

Busetnad

 

Det meste av busetnaden er samla i og kring dei 5 tettstadane Svortland, Rubbestadneset, Moster, Finnås og Langevåg.

Svortland er kommunesenter, som saman med nærområda har meir enn 5000 av dei 11500 innbyggjarane i Bømlo kommune.

 

Tal om innbyggjarane

 

Sysselsetting

 

i Prosent Bømlo Stord

Primernæring 7,6 1,0

Utv. av olje og naturgass 2,7 2,3

Industri 27,7 21,7

Bygg- og anlegg 6,2 6,5

Vareh., hotell og restaurant. 11,7 15,2

Transport 13,1 3,9

Forretning 3,6 9,3

Off.adm. 4,1 3,9

Undervisning 8,3 8,8

Helse- og sosialtjenester 13,7 21,0

Andre 1,5 3,1

 

Kommentarar til tala:

Dei to nabokommunane har stort sett lik sysselsetting for ein del næringar, slik som bygg/anlegg, offentleg adm, undervisning osv.

For begge kommunane er det låge tal for sysselsetting innan oljeutvinning. Dette skuldast at dei fleste jobbane me tenkjer på når ein snakkar om "å jobba i oljo", er innan næringar som yt teneste til oljeutvinning men som høyrer i denne samanheng til industrinæringar.

Bømlo har høge tal innan transport. Ferge og båttrafikken langs kysten er ført av bømlingar, medan helse og omsort er dominert av stordingar.

 

Skulestruktur

 

Det er om lag 1700 elevar i Bømloskulen, fordelt på 10 grunnskular. Her er to vidaregåande skular, Bømlo vidaregåande skulen for allmennfagleg studieretning, og Rubbestadneset Vidaregåande skule for yrkesretta opplæring. Utanom dette tilbyr Bømlo vaksenopplæring undervisning og introduksjonsprogran for flyktningar, og Bømlo kulturskule har over 500 elevar i undervisning innan instrumtalopplæring, teater og drama.

Bømlo kommune har ni private barnehagar.

 

 

Utdanningsnivå

Kjelde ssb.no

 

Personar over 16 år: 8833

Personar med grunskule: 2641

Personar med vidaregåande skule: 4296

Personar med universitet/høskule: 1684

Personar utan utdanning 212

 

Tal i % Bømlo Stord Gj Norge

Grunnskule 30,6 26,2 28,6

Vidareg. 49,8 46,8 42,3

Univ/høgsk 19,5 27,0 29,1

 

 

Aldersprofil for innbyggjarane i Bømlo

Ferie på Bømlo

 

For mange er Bømlo sjølve feriestaden. Her kan du nyta båtliv og fiske i stille og roleg farvatn, og ute på storhavet. Øyriket har "tusen øyar", det er alltid ein holme eller vik du kan nyta ro og fred åleine, eller i fellesskap med mange.

 

Kan hende opplever du ikkje berre sol og varme på ferie på Bømlo. Men her er rikeleg med røft bømlavêr for den som vil oppleva Vestlandet på sitt rette vis.

 

 

Overnatting

 

 

Du kan velja mellom hotell og rorbuer. Rorbuer for utleige finn du både på innsida og utsida av Bømlo, i nord og i sør.

 

Bømlo Kystferie

Aasheim rorbuer

andre..

 

Er du på jakt etter ei heilt særeigen overnatting, besøk Slotterøy fyr.

 

 

Attraksjonar

 

Her er mange spennande stader du kan vitja:

 

Moster Amfi

med

- unikt friluftsamfi med over 1200 plassar

- religionshistorisk utstilling

- Steinriket Bømlo

- Moster gamle kyrkje

- Vetahaugen

- kulturhistorisk vandring

Gullgruene på Løkling

Museum

 

Les om det rike Kulturlivet på Bømlo

Copyright © All Rights Reserved: Bømlobok.no 2012