"Bømlo rundt i kajakk"

Frå forordet

 

Straks eg tenkjer på kajakk og padling, dukkar desse stikkorda opp: fred og ro, oppleving, nyting, utfordring, meistring, kameratskap.

I kajakken sit du heilt i vasskorpa, du ser landskapet frå ein ny og spennande

vinkel, og inntrykk strøymer lett på:

Sjø, granitt, lyngtustar, måseskrik, fisk som sprett, ein stim med pir som

brusar i vasskorpa. Du sig inn gjennom smale sund og vikar du ikkje har

vore i før eller aldri har gitt deg tid til å oppleva tidlegare. Du seglar ”din

eigen sjø” og brukar den tida du vil, i ein frisk natur.

Og..

Du er på heimveg etter ein lang, krevjande padletur. Det som var ein svak

trekk då du fór ut, er no ein hard solgangsbris midt imot. Du må gi alt for å

lea kajakken på fram. Armane verker. Magen er tom. Det er langt igjen før

du er framme. Du har likevel ei god stund.

 

Om boka

 

 

I boka finn du meir enn 50 forslag til enkle kajakkturar i farvatnet rundt

Bømlo. Med tekst og bilde ynskjer eg å visa litt av dei fine opplevingane du

kan få i kajakk-eldoradoet vårt. Kartutsnitta i turforslaga viser kor du kan

starta ut, lendinga, og ruta eg har padla. Bruk gjerne mine ruteforslag som

utgangspunkt, men planlegg og padla dine eigne turar, og nyt dine eigne

opplevingar.

 

Du kan bestille boka fraktfritt her på nettsida.

Copyright © All Rights Reserved: Bømlobok.no 2012