Frå nokre av turane

Frå nokre av turane.

Frå Hiskjo til Toska

 

Toska ligg ein liten km sør for Hiskhovet, med ope hav rett ut. er ute i havgapet kan vêret snu fort. Ein liten vindauke gjer

stor forskjell og det kan snart bli ein strevsam tur tilbake. Ta det med i planlegginga av turen.

På sørsida av Toska er det fleire lune vikar, den eine, Breidavikjo, med ei lita rullesteinstrand. Oppe i haugane med utsikt innover land, beiter det sauer. I vikjo mot nord, Toskakeila, bygde grunneigaren seg ein enkel kai for ei tid tilbake. Den første vinterstormen etterpå gjorde reint bord,

og no står berre festa igjen i fjellet. I godvêr er det ikkje lett å forstå kor nådelaus havet og vinden kan vera her ute. Her er me verkeleg på nåde for storhavet.

Inne på øya kan du sjå spor etter jordbruk, ein oppmura vegstubb og ei tuft etter ei løa. Her dyrka hiskabuen korn. I løa var det innreidd eit rom ein kunne overnatta i. Historia seier at den sist fastbuaden på Toska vart galen av å høyra på

måseskrik. Naturen er brutal på mange måtar.

Utafor Toska ligg Sveinar, med sin karakteristiske profil mot horisonten. Der har skarven utkikksplassen sin. Sveinar er fiskeméd for gode fiskeplassar langt til havs.

Trollosen rundt

 

Trollosen rundt er ei lang rute på rundt 15 km. Berga og hamrane du fer forbi ser heller einsformige ut, om du ser dei på avstand. Difor har eg den beste opplevinga på slike turar med å fara tett inntil land. Då opplever eg ein utruleg variasjon i farge og former i vegetasjon og landskap. Ein kan mest ikkje tru at granitt kan få så flotte sjatteringar i påverking av sjø, sol og vêr og vind.

Alle vindar får tak i Trollosen. Difor blir det lett litt motvind og bølgjer. Berre ein solgangsbris på 7-8 m/s kan gjera det

ubehageleg når han får virka over lengre strekk. Tar du turen tidleg på dagen eller seinare mot kvelden, når vinden løyar, får

du ein rolegare tur. Heilt nord i osen møtte eg dønningane frå Selbjørnsfjorden. Herfrå skimta eg Stolmen i Austevoll lengst ute

mot vest.

Røksundkanalen

 

Røyksundkanalen og Skogbu må vera det mest besøkte feriemålet på Bømlo for utanbygds ferierande. På fine sommardagar ligg dei store krusarane tett i tett og folk nyt sol, varme og godt selskap. Men kanalen er ikkje å forakta for kajakkpadlande heller. Om du hungrar etter publikum for padlinga di, er dette plassen. Og ikkje nok med det; du kan tydeleg kjenna at dei som sit der oppe på flybridgen misunner deg kajakken og padlelivet. (joda, eg er heilt sikker på at det var det eg kjende..!). Den midtre delen av kanalen er grunn, og dei større båtane må vera påpasselege og fylgja leia. Kajakken flyt over alt og du kan nyta kvart tak utan ank for landkjenning. Områda på begge sider utom kanalmunningane er flotte padleområde. På austsida er landskapet opp mot Gassasundsbrua innbydande. Her finn du mange stader å gå i land. På vestsida er terrenget litt mindre gjestmildt, men flott padleområde. Er du heldig, kan du nyta synet av svanene som ofte er å sjå i

Leirpollen. Ved dei nordre flytebryggene inne på Skogbu-området er det ei

lita strand, sjå bildet til venstre. Her er det fint å setja ut kajakken. Flytebryggene tett ved er låge og eignar seg òg godt for ombord- og ilandstiging. Det

er ein parkeringsplass oppe ved ”Glasshuset”. Set du bilen her, er den mindre i vegen for dei andre gjestene på anlegget.

Copyright © All Rights Reserved: Bømlobok.no 2012