«Bømlo, øya - havet - året - vêret»

Bømlo, øya - havet - året - vêret

Bømlo,

øya - havet - året - vêret

Dette er ei smaks- og stemningsbok frå Bømlo. Gjennom kameraauga har me fanga små glimt av livet på øya, naturen, landskapet, havet og vêret – og litt av maten som blir lagd av dei flotte råvarene øya har å by på.

 

Bømlo er mild og barsk, frodig og karrig på same tid. Frå storhavet i vest, gjennom lune vikar og sund, til skogen og bakkane i aust, er det store variasjonar i naturen. Mangfaldet er like stort i næringsliv, kulturliv, sosialt liv og busetnad. Vêret og lyset skiftar, og årstidene går sin gong. Staden du var på i går, ser annleis ut når du kjem dit neste gong.

Men er det kanskje meir vind og regn på Bømlo enn boka vår gjev inntrykk av? I jakta på uversbilde har me undra oss over kor fint vêret eigentleg er. Hausten i fjor var utan store stormar. I vinter skein sola i vekevis, og ein tørr vår sette spor i hagane. Sommaren, som kom med både sol og regn, var ikkje av dei varmaste, men kanskje meir av ein "normal" bømlasommar.

Kntakten med naturen, havet og folket har gitt oss eit år med fine opplevingar. På nytt har me sett kor storslått og vakker denne øya er.

Sjå fleire bilder

Du kan sjå fleire bilder frå boka her

Om boka

 

 

Boka startar med ein snødag i januar, og sluttar med ein soldag i desember. Me har gått ut i landskapet og fotografert det me har sett og opplevd gjennom året – vinter og vår, sommar og haust.

 

Bøka kom ut november 2010, og er til sals i bokhandel på Bømlo og på Stord, i tillegg til her på nettsida .

 

Boka på YouTube

Les meir frå turane våre

Du kan lese meir frå turane våre Bømlo rundt i arbeidet med å lage boka her.

 

 

Copyright © All Rights Reserved: Bømlobok.no 2012